mandag 3. mai 2010

Noko eg ikkje kjem til å sakna

Når eg lagar te synk det små, eggeskalaktige bitar ned til botnen. Det syns ikkje i ein kopp, men i dag laga eg te i glas og då syns det. Eg må hella forsktig på glaset når eg drikk, ellers får eg bitane i munnen. Det er ikkje farleg for meg, men det er ikkje so deilig.

Bitane kjem frå innsida av vasskokaren. Den er dekt med eit tjukt, kvitt lag av kalk, eller kalsium eller kva det no er. Fyrst er det gjørmete, mjukt. Sidan blir det hardt, og brekk opp i små eggeskalaktige bitar som går gjennom filteret og havnar i teen min.

Det er ein ting eg ikkje kjem til å sakna.

2 kommentarer:

  1. Hehe... velkommen til "hardt vann". Det er vel i all hovedsak kalsium og magnesium som er vanlig.

    Det er også ansett som relativt(*) ufarlig. Relativt fordi man ikke er enig om hvor ufarlig. Du kan trøste deg med at alternativet er "mykt vann" som da sliter mer på vannrør og infrastruktur og dermed vanligvis inneholder mer kobber, sink og innimellom bly, som heller ikke er spesielt sunt.

    Alt etter hvor du bor henne i Norge, så har vi samme fenomenet her (Trondheim er vel nå relativt forskånet ettersom Jonsvannet ikke er ekstremt mineralrikt).

    SvarSlett
  2. Takk for informasjonen! Angåande farleg, so har me fått begge beskjedane frå folk her og. Eg likar ikkje so godt smaken, so det blir mest kjøpevatn eg drikk reint faktisk. Og det er ganske stress i grunnen.

    Forresten er det enno eklare i kaffi enn i te av ein eller annan grunn. Kalsium schmalsium.

    SvarSlett