mandag 3. mai 2010

Det eine og det andre perspektivet

Det skal bli so godt å koma tilbake! Å koma til Trondheim, der kjærasten min og venene mine er!
Men i Trondheim snør det. Den byen er søren meg eit meteorologisk fenomen for seg sjølv.



Og her er det over 20 grader og sol! Me ligg på graset og solar oss, eg har allereie fått skille.
Og no skal eg dra herifrå, frå alle dei blomstrande tre og blomstrande blomar! Syrinene har kome dei siste dagane og det lukter heilt fantatisk! Så fælt det skal bli å dra frå Presov.

Men so er det det at det ikkje berre erkjærasten som venter på meg i Trondheim. Det er jo og ein helsikes eksamensperiode. Då kan det jo faktisk vere det same med veret, betre å sitja inne og lesa og skriva heimeeksamen når det snør og regner enn å ynskja seg ut på plenen i sola. Og så bra det skal bli å vere med alle dei eg saknar sånn når eg tek meg pause frå lesinga, og ikkje minst når eg blir ferdig med eksamen!

Men æsj. Eksamensperiode! Eg vil heller bli her. Grilla. Drikka øl som kostar mindre enn 8 kroner, og det halve i butikken. Snakka engelsk. Le av kulturskilnader med vener frå heile Europa. Eg vil bli i Presov og bli betre kjend med dei flotte folka eg har møtt her!

Eg vil heim og vere meir med dei gamle, gode venene som eg ikkje har sett på 4 månader!

Eg vil drikka norsk vatn rett frå springen!
Eg vil drikka slovakisk øl!
Eg vil ha kaviar på skjevo! Eg vil ha halusky!
Eg vil ha skikkeleg kaffi, det kan dei ikkje her! Eg vil ha varm sjokolade så tjukk at den må drikkast med skei, det har dei ikkje heime!

Eg vil heim og bu med Henning!
Eg vil ha sola inn vindauget og utsikt mot elva som her på dormitory!

Åh, denne ambivalensen.

Noko eg ikkje kjem til å sakna

Når eg lagar te synk det små, eggeskalaktige bitar ned til botnen. Det syns ikkje i ein kopp, men i dag laga eg te i glas og då syns det. Eg må hella forsktig på glaset når eg drikk, ellers får eg bitane i munnen. Det er ikkje farleg for meg, men det er ikkje so deilig.

Bitane kjem frå innsida av vasskokaren. Den er dekt med eit tjukt, kvitt lag av kalk, eller kalsium eller kva det no er. Fyrst er det gjørmete, mjukt. Sidan blir det hardt, og brekk opp i små eggeskalaktige bitar som går gjennom filteret og havnar i teen min.

Det er ein ting eg ikkje kjem til å sakna.

onsdag 28. april 2010

Why not? Mari og Henning Tour of 2010 Vol.3

Det var langfredag då me kom til Presov. Eg var ikkje so glad for å vera der, eg hadde ei veldig sterk magekjensle av at eg ville vera meir på FERIE, og at det å vera i Presov var kvardag (noko som kanskje kan verke ironisk, i og med at eg har hatt heile to innlegg i bloggen om mangelen på nettopp kvardag). Me vandra kvilelaust gjennom sentrum og leita etter ein påskeopen stad me kunne eta middag. Det einaste me fann var kebab, men det var god kebab so det gjekk greit. Etterpå sette me oss på Christiania, ein av dei tre yndlingskafeane mine. Der har dei bøker, og Henning blei veldig begeistra for denne:



Kjempebok der, altså. I tillegg til boka fann me og ein plakat om at det skulle vere konsert der same kvelden. DET ville me, for omtalen verka so kjekk. DVA heitte bandet, og det er å finna på myspace. Me tok med oss Martyna og Olli, og hadde ein vidunderleg kveld. Eg likte bandet so godt at eg investerte i plata.





Og plata er like fin! Det var den eg høyrde på heile togturen til Bratislava neste dag. For me fann ut at det var i god stil til Why Not-touren, å kasta seg på fyrste og beste tog til hovudstaden. Sjå, der fekk eg meir ferie! Eg var gladare inni meg enn eg ser ut som på dette refleksjonsbiletet som ikkje er det minste redigert. På stasjonen før me drog hadde eg ringt og fått ordna oss hotell. Hotel Kyjev? Det var vel eit lovande namn?



Me gjekk ut og åt sushi. Deilig, deilig sushi! Ekte sushi!



Etter det fabelaktige måltidet spaserte me litt i sentrum før me drog tilbake til hotellet. Åh, Hotell Kyjev! Eg vart forelska frå fyrste augekast. Ein enorm mastodont av ei kommunistblokk med 15 etasjar som steilte midt i byen. Dei reklamerer med å ha "original, retro stil" og det kan so visst stemma. Der i garden er det ikkje mykje som har blitt pussa opp sidan 60-talet! Eg var frå meg av fryd. På biletet her beunderer eg utsikta frå 7. etasje, den kvite flekken i midten er Bratislava slott.



Neste dag fortsette me vår turistgjerning, og det innebar å gå på slottet og ta utepils. Sjølve slottsbygninga var under oppussing, men utsikta var fin! Det kjem kanskje ikkje so veldig godt fram på biletet, men det var artig å sjå skilanden på den nye og den gamle bebyggelsen. Dei oransje taka er alle på gamle hus, men lenger borte i byen troner kommunisttidblokkene.



Kva gjorde me eigentleg på? Me spaserte omkring, åt litt tradisjonell slovakisk mat og trakk oss etter kvart tilbake til hotellet, der me hadde kommunist-snacksen klar.




Det siste biletet Henning tok av meg før me forlot Bratislava, var dette.

Kven kan finna ein feil?

Why not? Mari og Henning Tour of 2010 Vol.2

Me elska Krakow, her representert ved to turistar som kiker ut gjennom augehola i det gigantiske statuehovudet som ligg på torget.
Men dette var jo påskeferien, og Marta og Bartek skulle heim til Rzeszow. Og me blei med. Kvifor ikkje?


Rzeszow kan du uttala omlag "Sjesjåv". Det var store forseinkingar og kø ut frå Krakow, me kom midt i påsketrafikken. Borna i baksetet underhaldt seg med å prøva å uttala polske stadnamn. Mor i framsetet fniste av forsøka, og forsøkte å læra dei to skandinavane opp i proper polsk uttale.

Omsider kom me fram til Marta sin barndomsheim. Der var det mat og påskepynt og kjempekjekke foreldre som viste fram feriebilete frå Norge i 1995, ivrige over å få besøk. Kor kjekt det var å møte nokon frå foreldregenerasjonen att! Og å vere i ein heim! Denslags er mangelvare i dormitorylife.



Men me var jo framleis turistar på tur, og her poserer me foran Rzeszow sitt kjennemerke. Dette monumentet vert på folkemunne kalla noko som ikkje høver seg å skriva her i bloggen, men eg kan jo lenka til eit bilete av heile greia, so kan koffert-tenkande blogglesarar tenka seg sjølv.


Rzeszow-besøket innebar besøk i ein flott park og orkide-hus, vandring i tunnellar under torget og å besøka Marta sin yndlingsplass med det velklingande namnet "Livet er herleg" saman med pyroman-tendensvenene hennar.


Etter to dagar kraup me inn i baksetet att, og M&B køyrde oss til Presov. For meg var det tilbake, men Henningen hadde jo enno ikkje vore der. Og no avslutter eg dette blogginnlegget her, omlag halvvegs i turneen, med det einaste biletet me tok av oss fire i løpet av veka me var i lag.


Marta, Bartek, Henning og Mari på veg opp i heisen på dormitory.
Stay tuned for del tre: Bratislava!

Why not? Mari og Henning Tour of 2010

Praha, I love you! Krakow, I love you to!

Etter 2 månader utan kjærasten min kunne me sikkert hatt det kjekt kor som helst. Og den fyrste kvelden i Praha hadde me forsovidt det og. Me gjekk til nærmaste kafe/restaurant til hostellet. Me hadde flaks der, maten var knall. Og drikka. Eg introduserte Henningen til Becherovka, ein fin tsjekkisk kompis eg har fått meg.
Hostellet vårt var Czech Inn. Dustete ordspel, men skikkeleg okei hostel, kanskje noko i overkant dyrt. Det beste var kult bad. Eg tok på meg den nye kjolen min og me hadde photoshoot i dusjen.


Ingen av oss har vore i Praha før, so neste dag såg me litt på kartet, tenkte litt på det me visste om byen og sette oss på trikken. Bestemte oss på måfå for å gå av, og møtte akkurat regnskuren. Me blei våte då me sprang over brua, men det brydde me oss ikkje noko særleg om, for me var jo i lag! Me søkte ly i ein liten kunstbutikk. Sidan mannen der inne hadde alpelue og likna på Sartre (og i tillegg var ganske på) kjøpte me eit lite bilete av ein katt som flyr over Praha om natta. Etterpå hadde det slutta å regne, og gallerieigaren anbefalte oss å gå til eit musikkinstrumentmuseum som skulle ligga rett i nærleiken. Me takka for tipset og spankulerte vidare - men på vegen til museet fann me ein kafe me heller ville gå på. Der drakk eg varm sjokolade med eggelikør. Henning drakk kaffi. Eg trur han trakk det lengste strået, for mixen min var passe kvalm!

Åh Praha, så fin ein by! Me spaserte i parken over åsen, kom oss ned til slottet, tok bilete av dei som poserte ved sida av slottsvaktene og fniste litt av den vesle engelen som sit og et på foten til Jesus.


I Praha var me på to museum: Miniatyrmuseum i nærleiken av slottet. Det var utruleg kult! Eg vil gje ei varm anbefaling til miniatyrmuseet. På biletet kan du sjå eit tog på ei augevippe, fotografert gjennom mikroskopet.

Me møtte Marta, venninna mi frå språkkurset, og Bartek,kjærasten hennar, og drog på pornomuseum. Det beste me såg der var spansk pornofilm frå 20-talet, ellers var me verken særleg kåte eller oppglødde når me gjekk der i frå. Ei turistisk oppleving eg vil gje ei skikkeleg midt på treet anbefaling til.


Etter museet gjekk me og tok eit par øl og Becherovka. Og det var då me forstod at me var på WHY NOT? TOUR.
Kva skal dåke i Bratislava eigentleg? spurde Bartek. Har dåke planer der?
Nei, det hadde me vel eigentleg ikkje. Me ville berre sjå Bratislava og kanskje ta båten til Wien medan me var der. Javel, sa Bartek. Men me skal jo køyra til Krakow i morgon. Bratislava kan dåke jo dra til heile tida, kvifor blir dåke ikkje berre med oss?
Ja, kvifor ikkje? Why not? So på det neste biletet har me stogga på eit kjøpesenter for å bruka opp dei siste tsjekkiske korunene våre på veg til Polen og Krakow. Der hadde me heller aldri vore før, men denne gongen slapp me å lesa kart for me var jo i lag med lokale.



Me sov i leiligheita til Bartek, og M&B viste oss SITT Krakow. Neste dag var det ein annan lokal som viste oss rundt: Lukasz, vår heilt eigne Crazy guide som køyrde oss til Nowa Huta i ein knallgul Trabant og viste oss ein ekte Stalinby, og levande minner frå kommunisttida.


Lukasz lærte oss å elska ein kommunistisk godbit: vodkashot og sylteagurk. Heile, feite små sylteagurker. Her koser eg meg med den siste biten, iført eit par briller som me fann i det autentiske kommunisthusværet me besøkte som del av turen.
FOR ein tur det var! Det er verdig ein heil bloggpost for seg sjølv. Kanskje det kjem ein gong det og? Men ikkje no, eg har ikkje tid.





Nei, eg har ikkje tid - for WHY NOT? TOUR er ikkje over enno! Men det blir ny post av resten!

fredag 16. april 2010

Ashes to ashes, flight to dust

I går var det 16. april. Me kom 16. januar. Me drar 7.mai.

Det er lenge sidan me kom, og det er kort til me drar. Det er ufatteleg kor kort det er til me drar, men likevel skulle eg heim i helga. Eg bestemte meg i ein hui og ein hast for ei veke sidan, og billettar vart kjøpt inn. Heim! Heim! Heim for å motta heider og ære i Storsalen. Overraska alle med å brått vera der!

Åh, du kan tru eg gleda meg! Etter 2 veker med Henning-besøk var eg så veldig, veldig klar over korleis livet mitt HEIME, folk heime, den eg er med dei, samtalar eg pleier å ha med dei som er lik meg, som eg har kjent lenge. Alt er på eit vis annleis enn det eg har her. Det er bra folk her og, men MINE folk er ikkje her.

Når eg drar herfrå kjem eg nok til å vera trist. Til å sakna! Kanskje det tilogmed kjem ein dag då eg heller vil vera i Presov enn nokon annan stad på jorda.

Men det er ikkje denne helga. Denne helga er det frykteleg, frykteleg synd i meg, og eg drikk vodka på trass. Eg sørger! Eg fekk ikkje gå på mottaking og drikke champagne i galla! Eg fekk ikkje motta Storsalen sin hyllest! Eg fekk ikkje vera med Astrid, Ingvild, Ane, Henning og alle dei andre!

Men eg fekk gå tur med Camilla, Sara og Hans i verdens deiligaste vårvær. Eg fekk eta god mat i lag med dei, strena rundt på handlesenter og til slutt sjå ein fantastisk og veldig sterk film, Brothers, ilag med dei.

Og i Trondheim snør og regner det på same tid.
Det er magert.
Men det er litt trøst.

onsdag 14. april 2010

Eg er litt sliten og lei, har masse å skriva, avsluttande prøve å lesa på til i morgon (Education of Roma) og ute er vårsola bytt ut med plaskregn.

Eg har ein kaffikopp i senga, bittelitt heimlengsel og ein hjerne som jobbar saaakte. Skulle ynskja hjernen min var like bra som Bertha!

onsdag 7. april 2010

Attende til kvardagen?


Kvardag? KVARDAG? Det blir stadig vanskelegare å definera kvardag. Dag-til-dag-planlegging. Mangel på rutiner. Fråvær av vanlegheit! Men mest av alt: besøk!

Henning er her! Etter den store WHY NOT TOUR of 2010 er me land i Presov. Eg skal sjølvsagt skriva og visa bilete! Bilete og forteljingar frå 2 land på 1, 5 veker: Praha, Krakow, Rzeszow, Bratislava og no: Presov. Men det må bli seinare, for det meste av bileta er på Henning sin pc. Mi vesle frøken Mac er nemleg heilt fylt opp av bilete no. Eg slettar og slettar, og no har eg byrja å sletta musikk, men harddisken min er framleis full, so bileta frå ferien ligg på Henningen sin data. Dagens bilete er kun som illustrasjonsfoto å rekne. Sjølv om det er frå ein butikk er det retteleg eit bevis på kva årstid som er komen: VÅREN!

No er me på kafé og jobbar med skule. Me søv på "gjesteromma" på dormitory, lav standard men ikkje verre enn ein kunne forventa til ein pris av 10 euro natta. Klokka 8 satte han på nettradioen, og 8.30 seig eg i dusjen.

Sidan har me ete frukost og gått hit til Balada Literarna Kaviaren, Balada litteratære kafé der me drikk kaffi og skriv på kvar vår semesteroppgåve. Hans oppgåve: Bachelorprosjekt. Mi oppgåve: Praksisrapport.

Sola er komen, me skal snart på tur.
Eg er so glad for at han er her!

lørdag 27. mars 2010

Nett innom

Eg sit i senga og venter på at håret skal tørka. Bratislava! For ein lovande by! Eg kom fram i går kveld, på toget med Martyna, og me åt vidunderleg sushi før me møtte ein gjeng på staden med det flotte namnet "1. Slovak pub". På engelsk.

På Slovak pub orka eg ikkje eingong drikke opp øla mi, og langt mindre ta bussen ut i gokk for å snika meg inn på eit dormitory eg ikkje har lov ti å snika meg inn på eigentleg, so eg stakk bort på hostelet over gata i staden.

Og det er der eg sit no. Eg sit i oransje sengetøy og venter på at håret skal tørka og at coldrex-drinken min skal bli kald nok til å drikka. Sola skin inn gjennom oransje gardiner og eg kjenner at den varmer på ordentleg.

Våren er her! Og eg skal til Praha og møta Henning!

torsdag 25. mars 2010

Kjapp oppdatering før ferien

Sidan sist har eg vore og observert i ein ny barnehage. Det vart berre ein dag denne veka. Eg hadde tolk med meg denne gongen, den supertrivelege pedagogikk-studenten Ivan. Monika og Iveta, koordinatorane våre, sender han hit og dit for å følga oss og tolka for oss. Det var veldig bra å vera med han i barnehagen, kjekt å kunna snakka om det eg ser med ein som faktisk forstår det som blir sagt og! På bileta poserer Ivan ved sida av planverket til barnehagen, hendig nok hengt opp på veggen lett tilgjengeleg, og eg ser på borna som bygger med klossar.



Og so fekk eg besøk! SIT-Christer var tilfeldigvis i nabolaget! Eller nærmare bestemt: han stakk innom Presov på veg til Romania med tog. Som dåke kan sjå tok han kjapt opp kulturen i landet, til dømes tradisjonen med å ri på dyra rundt Neptun-fontena i sentrum.



Om kvelden var det norsk tradisjonsmat med Team Norway på dormitory-kjøkenet. Taco, ja.



I går var det tid for slovakisk tradisjonsmat! I framgrunnen kan de sjå den berømte Bryndzove Halusky som eg kalla bloggen min opp etter kun basert på namnet. Det var lenge før eg visste kva det var og langt mindre smakte. (For øvrig: eg er framleis den einaste nordmannen eg veit om som faktisk er glad i denne potet-retten.) I bakgrunnen: ein nøgd Christer med dei deilige kvitlaukspotetpannekakene sine.


Men derifrå slutta ting å vere artig.


Eg har pådratt meg den kraftigste forkjølinga eg har hatt på so lenge eg kan hugsa, so eg er sliten, tett, sår i halsen og generelt litt nedstemt. Eg har kjøpt det som finst av forkjølingsmedisin i dette landet, og trøkker nedpå med strepsils og coldrex til den store gullmedaljen. Eg må bli frisk i løpet av natta!
I morgon dreg eg nemleg til Bratislava etter ekskursjonen i roma-barnehagen. Derifrå skal eg til Praha og møta Mannen i Mitt Liv, og me skal cruisa litt rundt i landet før me slår oss til ro her i Presov om nokre dagar, moglegeins torsdag.

GOD PÅSKE DER HEIME! Vonar Kvikklunsjen, appelsina, Poirot og alt det tradisjonelle er deilig i år og.

mandag 22. mars 2010

Romske dety

Overskrifta tyder Roma-born, og her kan du sjå dei dansa:


Og no, min gode lesar, har eg eit spørsmål til deg. Kva veit du om romafolket eigentleg?

Me (NIL-studentane, Martyna og Baris) tek eit fag på universitetet som heiter "Education of Roma". Forelesaren er Monika Krajcovicova, som også er praksiskoordinator for oss. I den fyrste forelesninga me hadde i faget fekk me utdelt eit tankekart. I midten stod det ROMA, og rundt skulle me skriva alt me visste. Eg skreiv: minority, poverty, alcoholism, settlements, segregation, forced assimilation, exposed of racism. Men eg skreiv også: ancesting from India, colorful clothes, strong family bonds, music, metal work. Lista over negative, triste ting var diverre lenger enn den over fine ting. Historia til Roma-folket er full av forfølging og tvang, og framleis er rasismen mot dei grov. I dag er omlag 10% * av befolkninga i Slovakia Roma, men ikkje alle er fattige og lever i dårlege kår. Nokon gjer, men generelt kan ein seie at det fins Roma-folk i alle sosiale lag, akkurat som resten av befolkninga.

Faget skal læra oss om forhalda for Romafolk i dagens Slovakia, gjennom tema som historie, kultur, tradisjonar, buforhald, livvstil og barneoppdragelse. Me skal på ekskursjonar til landsbyar og skular og få besøka folk, både dei som lever i lavare og høgare "socio economic conditions".

Filmen er av dansegruppa til Základná škola Jarovnice, Jarovnice barneskule. Denne skulen skal me besøka på fredag. Som førebuing til besøket surfer eg på nettsida til skulen, med google translator til hjelp.



Sovidt eg kan forstå det av nettsida er estetiske fag viktige for skulen, kunst og handtverk, dans, musikk og so vidare. Her og her er lydfiler frå recitovať, diktlesing og song frå skulen.

Kjenslene mine i forkant av ekskursjonane er faktisk litt blanda. Eg gler meg veldig. Det blir ei fantastisk interessant oppleving! Men eg gruar meg litt og. Eg gruar meg til å besøka landsbyar der folk bur under dårlege kår. Men aller mest gruar eg meg til å møta mine eigne fordommar.


* Offisielle tal seier at det er kun 3-4% av befolkninga i Slovakia som er roma, medan det reelle talet er høgare, og talet varierer etter kva kriterie ein set.

Filmen, biletet og lydfilene er frå nettsida til skulen.

torsdag 18. mars 2010

Hovudet over vatnet


Picture unrelated: Kims leik i barnehagen.

"Mamiiinka!" klarte den gråtkvalte treåringen å hiksta fram. Mamma mi! Og eg prøvde å trøysta. Ho grin veldig ofte ho her, men det er jo ikkje grunn nok til å la være å trøysta når den vesle jenta grin so ho nesten ikkje har pust att.

Og for å gje dykk eit inntrykk om kva nivå slovakisken min er på, eit nivå som både er imponerande høgt og lattereleg lavt på same tid (alt etter korleis ein ser på det) skal eg no gjengje "samtalen" vår når eg prøvde å trøysta:

- Maminkaaa!
- Ja. Eg veit. Mamma. Men ikkje no. Seinare!
- Hulk, hulk, hulk.
- No er lunsj. Veit du kva er lunsj?
- Hulk, hulk. Suppe.
- Ja, suppe! Likar du suppe?
- Hulk. (nikkar).
- I dag er suppe russisk borsj. Raud suppe. Likar du raud suppe?`
- Hulk, nikkar.
- Og etterpå - buchty! Likar du buchty (Buchty er søte bollar.Tullete lunsj, men borna elskar det.)
- Ja. (nesten uten hulk)
- No er lunsj, etter er sove og sååååå: mamma. Bra?
- Ja. (nesten roleg)

Det høyrer jo med til historia at sjølv om ho roa seg, so grein ho like mykje då eg slapp henne og ho måtte stå aleine på golvet utan å bli strøke på ryggen. Men det var heller ikkej dei pedagogiske evnene mine me skulle snakka om no. Det var dei språklege. So? Kva tykkjer de?

Eg har ikkje telt ordforrådet mitt, men vil tru at det ligg på rundt 100, kanskje 200 ord (eg skal vere 4 timar på flyplassen i Praha seinare i dag, so kanskje eg kan telja då, heh). Eg kan konstruera setningar med to ledd. Eg kjenner til prinsippa for, og behersker (men treng betekningstid) å bøya verb etter person*, har byrja å forstå korleis genitiven fungerer (til dømes TRUR EG at Hans sin vil vere Hansovi, men dette kan vere heilt feil)

Eg er god i dei viktigaste høfligheitsfrasene samt å introdusera meg sjølv, og kan so godt som utan problem bestilla mat og drikke på restaurant. Eg kan gjera meg forstått, og forstå ungane i barnehagen til ein viss grad.

Det eg IKKJE kan er preposisjonar (som i sin tur styrer kasus - hoho!), å gradbøya adjektiv, snakka i andre tider enn presens eller forstå når nokon snakkar til meg i anna enn dei heilt enkle setningane. Eg kan heller ikkje fortelja noko som krever meir kompliserte setningar enn "Eg studerer pedagogikk". Hvis eg skal sei at eg studerer på andre året må det teiknspråk og velvilje til. Det kan til dømes bli noko slikt som: "Skule er 3 år. Eg er 2 år". Forståeleg? Ja, i kontekst. Utanfor kontekst? Neppe.

Ja, og so juksar eg ein del. Hvis eg ikkje kan eit ord, men kan motsetninga er eg veldig flink til å bruke den nektande forstavinga ne-. Til dømes: Eg veit er viem og eg veit ikkje er då sjølvsagt neviem. Ganske greit. Og dette ne- bruker eg flittig, anten den høyrer heime til ordet eller ikkje. Nespolu seier eg, og meiner "nei, me skal ikkje betala saman". Nedlha seier eg og når eg skal sei at noko ikkje er langt, for eg kan ikkje ordet for kort. Nokre gongar passar det å bruka ne-, men dømet med nedlha trur eg best kan omsetjast til ulangt, og det høyres jo ganske dust ut.

For å oppsummera: Eg lærer heile tida, og med tanke på at eg har vore her i 3 mnd men ikkje har hatt språkundervisning heile tida er eg blitt veldig flink. Flinkare enn gutta boys! Men det er ikkje so rart, for eg er meir opptatt av det og prøver hardare enn dei og. Eg har i underkant av 2 månader igjen her nede, og skal nok bli enno litt betre før eg dreg heim.

Men fyrst er det ei bryllupshelg i Spania som står for tur! So no blir det lite slovakisk på meg dei nærmaste dagane, og eg kan like godt avslutta med: Hasta la vista!

*Systemet her er som på tysk. For dei som ikkje kan tysk, so tyder det at verbet har ulik bøying etter som det er eg, du , han/ho/det, me, dåke eller dei som gjer det. Og her er systemet for verbet "å være":
Ja som, Ty si, On/ono/ona je, My sme, Vy ste, Oni/ony ju.

søndag 14. mars 2010

Sushi & Standard


Hei til nye lesarar! Mormor og tante Tone, beklagar at dåke ikkje har visst om bloggen før! No er det sundag føremiddag, og eg sit i senga med ein kopp kaffi. Åh senga! Den fungerer både som seng og sofa her på dette 12 kvadrat rommet som er "heime". Eg har ofte tenkt på at eg skal skriva om Ups & Downs of Dormitory Life, men det blir ikkje i dag heller. I dag skal eg fortelja om i går!

Martyna og eg bestemte oss for å utvida horisonten vår ein smule. Prešov er ikkje verdas navle er eg redd, og me kjente at me var litt leie av gatene og vanene, so me sette oss på bussen til Košice. Bussturen tek omlag ein halvtime, so kjem me fram til busstasjonen i denne nest største byen i Slovakia. Košice er merkbart større enn Prešov (sjølv om denne er den 3. største byen i landet), men ikkje so veldig ulik uansett. Planen for dagen var å dra på Galeria, eit stort, nytt handlesenter rett utanfor bykjernen, so me måtte kjøpa billettar på automaten. Då måtte me kjøpa buss-billettar på automaten.



Før me drog til handlesenteret spaserte me litt i byen. Hovudgata heiter Hlavna. Det heiter hovudgatene i alle slovakiske byar for øvrig, då dette faktisk tyder hovudgate. Hlavna-en her er lenger enn i P, katedralen er større og ein skulle kanskje trudd at folka var fleire. Men nei. Her er det ikkje som i Noreg, laurdag er ikkje prime time for spasering og shopping. Butikkane stenger klokka 12 eller 13, og det er so godt som folketomt i gatene.



Bortsett frå to menn som bar ein kjempestor pakke.



Og nokre nonner på veg ut av ein pizzeria. Er normalt/til å forventa eller om det var rart/kuriøst? Et nonner pizza? Det er jammen ikkje godt å veta, men no har me empiriske bevis som kan tyda på at dei gjer det.


Me såg på teateret og lot oss begeistra av både bygningen og programmet. Dit skal me og sjå ballett! Og kanskje opera! Åja! Sjølv "Et dukkehjem" av Ibsen skal dei setja opp i vår, men eg føler meg ikkje akkurat stødig nok i slovakisk til å våga meg på ei slik utfordring. Då trur eg heller at eg vil safe (som ungdommen seier) med Svanesjøen av Tsjakovski.


Men so! Etter spasersturen skulle me iallefall til handlesenteret.




Men då fann me SUSHIRESTAURANTEN! Åh, då var me glade! Sushi! Det var heilt fantastisk. Me åt miso-suppa og nighiri, maki og meira maki. Det var veldig, veldig godt, men ikkje heilt slik sushi eg er vane med frå Ravnkloa i Trondheim som ligg rett der fiskebåtane legg til. Det var merkbart at denne sushien er laga midt i europa, langt frå anna vatn enn ei og anna elv. Det var røykelaks og scampi frå frysen, ein rar bit med noko fiskepuddingaktig og crabsticks. Mindre FERSKT med andre ord, men det var like greit. Det smakte vidunderleg, og hadde det vore fersk fisk hadde eg vore skeptisk uansett, so langt innpå land.



Her jobbar Martyna hardt med ein gigantisk bit "tiger eye maki". Åh, me var glade for at me hadde fått sushi!

Etterpå skulle me dra på handlesenteret. Men so såg me skiltet til ein kafe som heitte "Casablanca", og sidan både namnet og staden såg lovande ut, og me begge elskar filmen, fann me ut at me trengte kaffi. Og varm sjokolade.



Me likte Casablanca. Stilen var ikkje heilt Marokko 1943, men me likte oss. Eg tok eit bilete som ser ut som eit maleri av Edward Hopper hvis du legg godvilja til og hvis ho hadde sett ut glaset. Og den varme sjokoladen! Ohoi, her i landet er varm sjokolade mykje nærmare sjokoladepudding enn kakao. Det går nesten ikkje an å drikka den, den er så tjukk at du må eta med skei.
Og no var det faktisk ikkje tid til å dra på handlesenteret i det heile.

Neste punkt på programmet var å treffa tidlegare nemnde Iveta Kovalcikova for å bli med på slovakisk meisterskap i standard-dans, eller Majstrovstvá Slovenska 2010 v štandardných tancoch som det heiter på lokalt. Dotter til Iveta deltek nemleg på senior-nivå, og ho hadde invitert oss for for å sjå henne dansa i meisterskapet. Eg fekk melding frå Iveta ("Hello Mary!") med namnet på staden me skulle til, so me spurde oss fore og sette oss på bussen.

Etter ein 10 minutts busstur langt ut i suburbia ringte Iveta og fortalde oss at staden me skulle til låg 8-10 minutts gange frå busstasjonen. Og at dit me var på veg var ein annan stad med same namn. Hoppsann.Eg berre lo, men Martyna var ganske sur. Særleg då me blei glodd på av ymse hankjønn på bussen. Ho lurte på om ho såg stygg eller rar ut, men eg trur ikkje det var derfor dei glodde. Eg trur heller det var fordi me snakka engelsk og hadde litt korte skjørt!

Etter kvart fekk me nærmare beskrivelse frå Iveta på melding, og instruksjon om kor me skulle frå ein random mann som passerte. So me sette oss på bussen tilbake, og håpte på det beste. Då me gjekk av var me litt skeptisk, for me fann oss sjølv midt på ei bru over motorveglandskapet.


"Sou zeleznicne za stanicou pod mostom smerom von z mesta" var introduksjonen på melding. Me viste den fram til ei jenta som gjekk av bussen samtidig som oss, og ho smilte og nikka. Og peikte på sportsstadion som låg rett i nærleiken. Me var framme!

Og for ei oppleving det var! Eg kjente mitt 6-årige sjølv hyla av lykke ein stad inni meg. ÅH, kjolane! Og haldningane! Og musikken! Og dei stramme karane med kjole&kvitt og sleik! Tango, quickstep og vals! Lenka Kovalcikova designer og syr kjolane sine sjølv, og ho var so fin som ei prinsessa der ho svevde rundt. Det var ikkje so enkelt å fotografera, men det er i alle fall henne på det øvste biletet her.






Etter 3 timar med fabelaktig dansing og noko tresmak i rævo etter dei ikkje so veldig komfortable benkane vart vinnarane kåra. Då hadde me oppnådd sopass innsikt at me var nøgde med resultatet. Vinnarparet var også slovakiameistrar i fjor. Lenka og partnaren kom på 7. plass. Av 42 par er dette slett ikkje dårleg, men det betydde at dei ikkje fekk dansa i finalen. Finalerunden består av 6 par, og då er det litt ekstra skuffande å ikkje nå opp, sjølv om dei kom høgare enn dei hadde rekna med i utgongspunktet.

Tilslutt spelte dei nasjonalsongen for vinnarane og Iveta køyrde oss heim til P. For ein dag! For ein kveld! Eg var blid då eg la meg.