mandag 22. mars 2010

Romske dety

Overskrifta tyder Roma-born, og her kan du sjå dei dansa:


Og no, min gode lesar, har eg eit spørsmål til deg. Kva veit du om romafolket eigentleg?

Me (NIL-studentane, Martyna og Baris) tek eit fag på universitetet som heiter "Education of Roma". Forelesaren er Monika Krajcovicova, som også er praksiskoordinator for oss. I den fyrste forelesninga me hadde i faget fekk me utdelt eit tankekart. I midten stod det ROMA, og rundt skulle me skriva alt me visste. Eg skreiv: minority, poverty, alcoholism, settlements, segregation, forced assimilation, exposed of racism. Men eg skreiv også: ancesting from India, colorful clothes, strong family bonds, music, metal work. Lista over negative, triste ting var diverre lenger enn den over fine ting. Historia til Roma-folket er full av forfølging og tvang, og framleis er rasismen mot dei grov. I dag er omlag 10% * av befolkninga i Slovakia Roma, men ikkje alle er fattige og lever i dårlege kår. Nokon gjer, men generelt kan ein seie at det fins Roma-folk i alle sosiale lag, akkurat som resten av befolkninga.

Faget skal læra oss om forhalda for Romafolk i dagens Slovakia, gjennom tema som historie, kultur, tradisjonar, buforhald, livvstil og barneoppdragelse. Me skal på ekskursjonar til landsbyar og skular og få besøka folk, både dei som lever i lavare og høgare "socio economic conditions".

Filmen er av dansegruppa til Základná škola Jarovnice, Jarovnice barneskule. Denne skulen skal me besøka på fredag. Som førebuing til besøket surfer eg på nettsida til skulen, med google translator til hjelp.



Sovidt eg kan forstå det av nettsida er estetiske fag viktige for skulen, kunst og handtverk, dans, musikk og so vidare. Her og her er lydfiler frå recitovať, diktlesing og song frå skulen.

Kjenslene mine i forkant av ekskursjonane er faktisk litt blanda. Eg gler meg veldig. Det blir ei fantastisk interessant oppleving! Men eg gruar meg litt og. Eg gruar meg til å besøka landsbyar der folk bur under dårlege kår. Men aller mest gruar eg meg til å møta mine eigne fordommar.


* Offisielle tal seier at det er kun 3-4% av befolkninga i Slovakia som er roma, medan det reelle talet er høgare, og talet varierer etter kva kriterie ein set.

Filmen, biletet og lydfilene er frå nettsida til skulen.

2 kommentarer:

  1. Sp bra at Monika har fiksa det faget nå, vi skulle egentlig få det ifjor, men ble ikke tid til det...

    Gled deg til besøk hos Romafolket, de er fantastiske! de er så generøse, snille, åpne og ikke minst utrolig estetisk flinke!

    MonaHelen, 3i

    SvarSlett
  2. Hei Mona Helen! Så artig å få kommentar frå deg! Faget er veldig spanande, me hadde andre forelesning i dag og det var også veldig bra. Me hadde gruppearbeid der me diskuterte korleis dei kan tilrettelegga skulesystemet best mogleg for Romaborn. Veldig kjekt!

    Og etter å ha lest kommentaren din gler eg meg enno meir til fredag!

    SvarSlett