mandag 8. mars 2010

Raudstrømpe eller nettingstrømpe?


(ein engel på veg heim med mor og bror og som ikkje har nokon ting med innlegget under å gjere)

Det er kvinnedag i dag, ein dag eg alltid har vore medviten om. Alltid takksam for den kampen som vart kjempa før eg vart fødd og alt dei oppnådde som gjekk i tog under sterke paroler. Men eg har ikkje gått so mykje i tog sjølv. Eg har heller aldri tatovert meg med noko female power-teikn. Eg har ikkje presentert meg som den største feministen eller deltatt hardast i diskusjonane.

Men likevel vert eg overraska over at kvinnedagen her i landet handlar mest om at menn skal kjøpa blomar til damene, gje dei gåver og ta dei med ut på middag og sånt. På veg frå barnehagen såg me mange jenter som hadde fått blomar. Dei stolpa seg avgarde på høge helar, tungt sminka og arm i arm med kjærasten.
Eg spurde Marketa frå Tsjekkia då eg kom tilbake til internatet, og ho kunne stadfesta det eg tykte det såg ut som: at kvinnedagen her i landet minnar meir om valentinsdagen enn om ein politisk viktig dag. For det meiner eg den er - både historisk og samtidig. Eg har også snakka so vidt med den polske venninna

Det er ingen menn i barnehagane her i landet. Dei lærarane me møter tykkjer det er flott at Hans og Kjell Thomas ynskjer å vere førskulelærarar, og det verker ikkje som dei tykkjer det er rart eller feil eller noko. Tvert i mot, får eg inntrykk av.
Og eg trur det ville vore positivt for dette landet.

Det er jo det dei seier i den sektoren me held på å utdanna oss inn i: at når mennene kjem, kjem og dei høgare (og rettferdige) lønningane. Og det er jo ikkje rett. I Slovakia er lønningane for førskulelærarar horrible, me hadde ein lang samtale om detta med Lucia i dag. Og sjølv om eg tykkjer det er sørgeleg at det må menn til for å betra forhalda, so tviler eg ikkje på at det er ein faktor som hjelper.

På facebook i dag hadde ei tidlegare klassevenninne (me snakkar barne- og ungdomsskule her) ein kommentar i statusfeltet om at ho er flau over å vere kvinne på kvinnedagen, når "feminaziane står å skrike..." (direkte sitat).Då blei eg lei meg. Ho hadde vel likt å vere her ho då, og fått roser. For eg ser poenget med å gjere STAS PÅ, men samtidig tenker eg at det ikkje er dette det handlar om. Eg lot meg fyra opp og har tilbrakt kvelden med å krangla på internett. Flaut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar