onsdag 27. januar 2010

Kvardag


I dag har det vore litt tungt å vere utvekslingsstudent. Timen i dag var den vanskelegaste so langt. Me har hatt 4 lærarar til saman so langt, kvar har oss i 1-2 økter. Den nye som kom i dag, Slavka, var ikkje heilt innstilt på å ta ting i tempoet som passa dei minst slaviske av oss. Dei to tsjekkiske og tre polske jentene kan henga ganske godt med nesten uansett, men for spanjolen, italienaren, finnane og team Norway kan det gå litt vel fort i svingane. Me treng å få ting omsett, sett i kontekst og repetert for å ha sjans - og i dag gjekk det for fort.




Skuldrene knyter seg og eg føler at eg ikkje har forstått nokon ting, men når eg sit her med leksene merker at eg har eit par ting på plass likevel. So det er berre til å sjå på det som ei utfordring, og tenke kor nyttig denne erfaringa blir den dagen me som ferdige førskulelærarar skal møte foreldre og born som kanskje er like ferske i landet vårt som me er i dette landet no.



Mosjon får me også. Til etasjen vår er det 202 trappetrinn. Gutane rekner på kor mange me går kvar dag og kor mange det blir i veka - me går opp og ned minst 4 gongar kvar dag. Tenk så fine romper me skal få etter 16 veker!




Sola går ned i halv fira-tida kvar dag, og det er rett utafor vindauget mitt. Då er det lyst og varmt på rommet, men med ein gong den går ned må eg lata att glast.



PS! Fleire snapshots er å finna på på flickr-sida mi .

1 kommentar: