søndag 17. januar 2010

Kvifor er eg i Slovakia eigentleg?

Ola spurde i ein kommentar på førre post om kvifor eg eigentleg er her. Dei fleste som les dette vil nok vere vener og familie som veit kort-versjonen av svaret: "utveksling gjennom skulen". Nokon har kanskje også fått med seg at eg og gutane i utgongspunktet skulle reise som Erasmus-studentar og vere vekke 14 veker, men at me rett før jul skifta status til eit program i regi av NIL. Forkortinga står for Noreg-Island-Luxembourg. Dette programbytet fører til at me skal vere ute lenger enn planlagt - faktisk heile 16 veker. Vidare er det nokre små praktiske og økonomiske endringar som alle går i vår favør.

So det lange svaret på kva eg gjer i Slovakia kan til dømes vere formulert som målet for prosjektet me skal vere del av:

INCREASE THE LEVEL OF ETHICAL AWARENESS OF FUTURE AS WELL AS PRESENT PROFESSIONALS WORKING IN THE FIELD OF PROFESSIONAL ETHICS IN 1) THE SPCIAL FIELD, 2) SPECIAL EDUCATION, 3) HEALTH CARE.
(prosjektet heiter forresten PROFESSIONAL ETHICS AS PART OF PROFESSIONAL COMPETENCE OF SUPPORTING PROFESSIONS. Det går faktisk ikkje an å bruka ordet professional fleire gongar i ei setning.)

Me skal vera på University of Presov, og i morgon, måndag, går me i gong med ei 3-vekers intensivkurs i Slovakisk, inkludert eit par-tre ekskursjonar i området. Etter kvart skal me ha praksis i slovakisk barnehage og undervisning på universitetet. Dette vil eg vita meir om i morgon - etter slovakisk-timen og eit velkomstarrangement av noko slag (official opening) skal me møta kontaktpersonen vår. Då vil me (VONLEG!) få vita meir om faga me skal ta. Eg ser særleg fram til undervisning om levekår for roma-folket og om etikk.

For øvrig verker oppleggeet svært godt lagt opp. Me vart møtt på flyplassen og fulgt opp til romma våre. Der møtte me dei tre slovakiske jentene som var på utveksling på DMMH i haust, og dei kan me bruke som "fadder" hvis me vil. Og det trur eg me vil, det er veldig bra jenter.


PS: No er lenker til Gutane Grei på plass til høgre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar