søndag 24. januar 2010

Bli betre kjend med Gutta Grei

Sidan både Hans og Kjell Thomas er flinke til å visa bilete og fortelja om småting frå dagleglivet har eg tenkt å fortelja meir utfyllande om det me opplever og det som er rundt oss.

Men i dag tenkte eg det er på tide at også venene og familien min som les bloggen her skal få høvet til å bli litt betre kjend med Gutta Grei - so here goes: nærare presentasjon av Hans og Kjell Thomas.



HANS er kanskje den snillaste guten ein kan møta. Han er hjelpsom, omtenksom, høflig og snill heile tida. Hvis nokon skal fx hente seg ein stol eller kva som helst, so reiser alltid Hans seg for å hjelpa - uansett om det trengs eller ikkje. Og hvis nokon hjelper han med noko er han veldig flink til å takka. I tillegg til alle desse fabelaktige eigenskapane er han alltid positiv - "Exellent!" seier Hans, enten det gjeld smaken på ein eller annan mat eller det at nokon har fortald han kva klokka er.

Hans synes det er vanskeleg med Slovakisk (det er han forsovidt ikkje aleine om), og det er alltid vittig å sjå på han når lærarane spør han om ting i timen. Då roter han hektisk gjennom papira sine og du kan formeleg sjå kor det knakar i hjernen hans når han prøver å vri hovudet for å finna ut om han i det heile tatt har forstått spørsmålet. Og han er så samvetsfull at han er den flinkaste av oss tre til å øva seg om kvelden.

Hans er også ganske naiv. Påfallande mange av jentene me har møtt i det siste, både utvekslingsstudentane her i Slovakia og i Trondheim før me drog får eit nokså skuffa drag over ansiktet når dei får høyre at han er gift. Ingen har noko anna enn godord å sei om Hans - og likevel er han rørande uvitande om kor fantastisk han er.

I det heile tatt - det kjem til å gå Hans godt i livet. Han er jo allereie godt gift med ei som kanskje er verdas søtaste jente, og når han i tillegg er ein vandrande inkarnasjon på alle gode eigenskapar som fins vil de kanskje ha problemer med å tru at verkeleg kan ver so GOD som eg har presentert han her. Men det er han faktisk. Det einaste slightly negative det går an å sei om Hans er at han ikkje er max fotogen, og at han til tider kan vera litt treig. Som han seier sjølv: "Det e som sirup. Æ kjæm."



KJELL THOMAS er ei ganske anna historie. Han er ein god ramp. Kjell Thomas er grov og frekk i kjeften mot alle unntatt bestemor (hans eigne ord), og kven som helst kan bli brydd av dei drøye vitsane hans. Nokon gongar kan han slumpe til å vere hysterisk festlig, og andre gongar må Hans og eg berre lata som ingen har sagt noko som helst. Hans er flinkare til det enn meg, men so har jo han og eit års trening.

Men Kjella, som han går som blant kompisane frå Eidsvoll lurer ikkje meg. Etter ei veke har eg avslørt at han er, som det heiter, "god på bunn". Eigentleg er han like omtenksom og snill som Hans, men det er berre eit tjukt lag med dritt som du må late som du ikkje merker for å oppdaga det.

Lat meg illustrere: Me sat på ein pizzarestaurant her ein dag, då KT ser ein far og ein baby på nabobordet. Og han bryter ut: "Åfyfa... jeg gleder meg så jæ.. til å bli pappa!" Visst bannar han, for han er ein av dei som bruker banneord som substitutt for adjektiv, men han såg så søt og glad og blank ut i auga. Og i slike stunder forstår ein kvifor han går på førkskulelærar. Kjell Thomas blir oppriktig glad av ungar, og han vil nok bli ein utruleg kjærleg og oppslukt pappa til nokre heldige ungar ein gong.

I tillegg kan eg nevna at Kjell Thomas er den av oss som bruker lengst tid til å gjere seg i stand om morgonen, og han frys gjerne på halsen hvis han ikkje har noko skjerf som passar til den nye, kule skinnjakka si.


Det var litt om gutta. Eg er glad for å vera her i lag med dei. Me snakkar her om to veldig ulike typar som likevel går godt saman. Det kan henda at me føler det annleis når me har vore oppå kvarandre i 16 veker. Men nett no - er me Dream Team.

6 kommentarer:

  1. Jeg hadde faktisk skjerf som passa til den nye skinnjakka mi, hadde jo nettopp kjøpt det :) Men det har seg sånn at det var en stor hvit lapp som ikke var pen på skjerfet, så da kan man jo ikke bruke det ;)
    Ellers ok beskrivelse av oss gutta!
    Gleder meg til vi skal skrive om deg, bare vent ;)

    SvarSlett
  2. For en herlig beskrivelse av begge to!

    Å...det er jammen godt Hans er såpass naiv som han er! Du får passe på han litt hvis det går over.

    Og takk forresten :o) Blir jo nesten helt brydd her :o)

    SvarSlett
  3. Kjella di ruke(type: ku)!!! Liker du unger? Eller som jeg og ALLE andre MENN kaller det: Bæsjemaskiner!
    NEEEEI, vært for lenge i sivilisasjonen du nå. Nå er det bare for deg å komma seg hjemmat til spyttmyra og få skøti no rev med min døde råtnende nabo som åte, sånn som vi gjorde i gamledaar!

    SvarSlett
  4. Mette, du har nok ingenting å frykta!! :)

    Og Lars Erik - eg ler meg i hel. Eg forstår at KT ikkje er unik.

    SvarSlett
  5. Ekstremt godt beskrevet, Mari. Liker det! Følger med på bloggen og leser i rykk og napp. Stå på! Gleder meg til Kjella holder løftet sitt og beskriver sine "reisefrender", han også! :)

    SvarSlett
  6. Jeg ler meg skakk.. Nå skal det sies at jeg be har gått i klasse med gutta boys i et halvt år, men kjenner de så godt igjen i det du skriver..=)=) Utrolig bra..

    SvarSlett