onsdag 20. januar 2010

Čo robiš? Kva gjer du på?


No har me hatt to økter med slovakisk-kurs, og eg kan sei dette: Det er himla vanskeleg. Det betyr ikkje at eg ikkje har lært meg nokon ting, for det har eg. Eg kan no fortelja kva eg heiter, kor eg er frå, at eg studerer pedagogikk (noko som vel er ei forenkling - men eg har ikkje lært meg kva "førskulelærar" er på slovakisk enno), kor gamal eg er og ein god gjeng med andre fraser og ord. Dette er jo ganske godt utbyte av berre to dagar, men likevel: Det er HIMLA vanskeleg. Slovakisk er eit slavisk språk, og dersom det er ord som liknar på norske (og då gjerne i hovudsak latinske) ord kjennes det som flaks, og det skjer nesten aldri.

So for det fyrste er alle ord heilt ukjende, og norskane har ingen knaggar å henga orda på.

I tillegg er det vanskeleg for meg å forstå korleis ord skal uttalast, og sjølv om eg har lært meg lydane til dei fleste bokstavar bruker eg lang tid på å finna ut korleis eg skal uttala ord. Bokhandel, til dømes, skrives KNÍHKUPECTVO. Fint, eller kva? Sånne ord må eg høyra ein gong for å forstå uttalen, og sjølv då er det ikkje sikkert at eg ser samanhengen mellom skrift og tale. For ein stakkar nordmann er det heilt overveldande kor mange konsonantar det går an å putta inn i eit enkelt ord. Favoritten min er ZMRSLINA, iskrem.

C er også ei utfordring. Den skal nesten aldri uttalast slik eg trur. Som ordet "Nemocnica". Det tyder sjukehus, og i utgongspunktet prøvde eg å sei nemosnika eller nemoknika - for me er vane med at C skal uttalast S eller K.
Men ikkje på slovakisk. Der er C nemleg bokstaven for lyden som me i Noreg ville skrive TS, eller som det heiter på lingvist: den slovakiske realiseringa av C er lik den "norske" realiseringa av z som i "pizza". Sjukehus skal altså uttalast nemotsnitsa.



Undervisninga vår er stort sett heilt grunnleggande: me lærer fraser og ord i tematisk rekkefølge: byrja med helsingar og introduksjonar. har vore gjennom nasjonalitetar og retningsskildringar og byrja i dag på bøying av verb. Verba vert bøygde etter kjønn og tal, noko som tyder at "Bývam Trondheim" eller "Študujem pedagogicko" er fullverdige setningar.

Heldigvis for meg har me fått 3 songar å øva oss på. Songane er på cd, der born framføret til fengande komp. Dei fyrste to songane me fekk har tema Výslovnost` spoluhlások, samohlások a dvojhlások, uttale av konsonantar, vokalar og diftongar. I dag fekk me ein om Slovesá, verb.
Songane funkar veldig bra for meg - eg får verkeleg inn meir om uttale av dei, og særleg konsonantsongen er nyttig.

I dag var me på datalab og høyrde på dialogar. Etter kvart skulle me skriva ned det me høyrde på bandet. Det var eit noko ambisiøst prosjekt - eg var ikkje så veldig imponert over didaktikken akkurat då. Eg hadde ikkje sjans til å få ned nokre fullverdige ord, og einaste grunnen til at eg lærte noko som helst av den økta om eg ikkje hadde kunna skriva av den polske jenta som sat ved sida av meg.


Det er framleis tusen ting eg kunne skrive om språkundervisninga, men eg nøyer meg med dette for i dag. OG TRU NO IKKJE AT EG ER PESSIMISTISK MED TANKE PÅ SPRÅKUNDERVISNINGA! For det er eg ikkje. Eg trur fullt og fast på at eg vil vere i stand til å kommunisere med barnehageborna når eg byrjer i praksis om 2,5 veker og eg stortrives med utfordringa.

Satiaľ sa maj! Ha det bra så lenge!

PS. Sei gjerne frå kva de har lyst til å lesa om på bloggen her. Meir om slovakisk? Er det nok om slovakisk? Andre forslag?

6 kommentarer:

  1. Vzdelávanie er førskolelærer! :)

    SvarSlett
  2. Kva med "education of early childhood" då, Kjellis?

    SvarSlett
  3. vzdelávania v ranom detstve

    Jepp. Google translate for the win! :D

    SvarSlett
  4. Jeg vil høre mer om maten og menneskene! :o)

    SvarSlett
  5. Digger å lese det du har lagt ut til nå. Helt vanvittig ulikt språk!
    KRTEK, er muldvarp på tsjeskkisk;)
    Vigdis

    SvarSlett