torsdag 28. januar 2010

Picture unrelated



Eg ventar på at Henning skal koma heim slik at me kan snakka på skype. Jammen er det praktisk å leva i 2010. Eg tenker på gamle dagar med brev over havet og tenker at det nok hadde sin sjarm det og. Kor glad ein må ha blitt når ein endeleg fekk eit livsteikn! Og kor vanskeleg det må ha vore å få plass til alle kjensler og alle opplevingar i eit brev. Kanskje ein ikkje visste om brevet kom fram ein gong. Og hvis ein gjekk heime og venta visste ein ikkje om det låg 100 bortkomne brev i havet eller om det var den ein venta på som låg der.



Men no kan eg trykka "delt skjerm" på skype, og so kan eg og Henning sjå gjennom bileta eg har tatt den dagen på slideshow i lag. So får han sjå alt eg har fotografert og me kan få snakka so mykje saman at me nesten ikkje merker at me saknar kvarandre ein gong. Men det gjer me. I alle fall eg. Og SÆRLEG no, når eg har pakka og vaska meg og pussa tenner og er heilt klar for å legga meg og det kun er å snakka med Henning som står att. I morgon reiser me til the High Tatras for 3 dagar (me skal i badeland og spa og skitur og aketur og andre turar og eg veit ikkje kva me ikkje skal), so eg veit ikkje når me får snakka saman neste gong. Kanskje ikkje før måndag.



Det er noko med dei der breva, eg klarar ikkje slutte å tenka på det. Dei handskrivne i konvolutt. Det er ikkje berre eg som saknar dei, og eg tenker at eg skal skriva nokre brev medan eg er her og senda dei med flypost over kontinenta og heim. Eller postkort. Det er fint, kjennes nesten litt retro, og eg veit at dei som får det blir glad. For det pleier eg å bli.

2 kommentarer:

  1. Skype har reddet mange hjerter tror jeg! :oD
    Men det er jo også utrolig koselig og gøy å få et håndskrevet brev i posten!

    SvarSlett
  2. Du er fin, Mari. Takk for at du deler tankene dine. De får meg til å tenke :) og smile.

    SvarSlett