lørdag 16. januar 2010

Reisa og den fyrste dagen - ein visuell presentasjon




Klokka er 6 om morgonen, Mari og gutane er reiseklare og velkledde. Kjell Thomas til venstre og Hans til høgre. Det er også Kjell Thomas som er juvenil-artig i bakgrunnen på biletet av meg der. Nærare presentasjon av desse kjekke karane skal koma i ein annan post. Lat meg no gå gjennom dagen i dag - steg for steg.



Skikkeleg frukost må til før ei lang reise. Me skålte i Solo for det som truleg blir det dyraste måltidet på fira månader.



Dressmann-reklamen poserer foran Praha. Ja, det er Praha i bakgrunnen der. Og ja, dei har dress på seg begge to. Skikkeleg fine var dei - og eg var litt bekymra for det totalt uriktige fyrsteinntrykket dei ville gje.



Sjølv om desse to fabelaktige fyrane tok sine fyrste steg på slovakisk jord, so var det ikkje dei som fekk fokuset på seg. Då eg tok dette biletet stod det ein heil gjeng, 4-5 stk frå flyet vårt klare med fotoapparata sine. Rett ved trappa stod ein flyplass-fyr med ein svær blomebukett. Eg kunne kjenna se&hør-genet vibrera....



...og heldigvis hadde me fått oss ein kompis på flyet, ein slovakar som jobbar i Oslo og difor kunne ganske godt norsk. Han kunne fortelja oss at me hadde tatt fly med Lucie Bílá, ei popstjerne som er "like stor som Alexander Rybak". Dusan, vår nye venn, orga photoshoot med ho, og skaffa oss nokre dvd-ar med "best of video". W.O.W.

Då me kom gjennom blei me møtt av ei supertriveleg dame frå universitetet - og ho presenterte oss for rektor på University of Presov. Det viste seg at han hadde vore på same fly som oss heilt frå Oslo, der han hadde vore på eit seminar av noko slag.


Turen frå Kosice til Presov tok ca ein halvtime, og eg tok nokre random bilete ut glaset. Då me kom var det sol og supervarmt - sikkert +10 grader, og det føles mykje nærare VÅREN enn det gjorde i fedrelandet når me drog frå det.

Vel framme vart me innlosjert og møtte att Jana, Julia og Patrizia - tre studentar på universitetet her som var på utveksling til Dronning Maud i haust. Det var skikkeleg godt å møta nokon som me faktisk hadde sett før. Jentene var der for å ta oss med til sentrum og visa oss litt rundt. Sentrum skal visst konsentrera seg rundt ei gate, og ligg berre 5-7 minutt frå der me bur.



Me handla på tesco og åt middag på ein restaurant som hadde lyst å sjå ut som ei grotte. Her er KT med Julia og Patrizia. Eg er ikkje so vane med kameraet enno, so bileta eg tok i den mørke grotta vart ikkje noko særleg.

No ligg eg på rommet som eg førebels har aleine men som eg kanskje blir nøydd til å dela med nokon framand. (Alle må kryssa fingrane for at eg slepp unna roommate-opplegget!) Eg et ostetrådar som er nøsta saman. Veldig rart, og eigentleg ikkje så godt heller, men eg har no kjøpt dei.
Kjære vener, familie og andre lesarar av REISEBLOGGEN! No er postinga i gong - og oppdateringar vil koma på løpande band. Eg skal fortelja meir om byen, rommet, gutane grei, maten me får og alt anna. Og visa bilete sjølvsagt. Stay tuned!

Dobrú noc! God natt!

4 kommentarer:

  1. Jippi, Slovakia, eit kjempetriveleg land. Nesten eit kontinentalt Noreg, sett bort ifrå oljerikdomen vår. Dei ostetrådane er absolutt ikkje noko særleg. Men det er derimot all mat på restaurantar. Halusky, mmm.

    Eg må spørja kva du gjer i Slovakia, sjølv om dei fleste andre sikkert veit det. Kva gjer du i Slovakia?

    SvarSlett
  2. Blir spennende og følge deg!
    Mvh Vigdis 2B

    SvarSlett
  3. Wee! Bra beskrivelser. Føler nesten at jeg er der selv, og jeg har aldri vært i øst-Europa i det hele tatt! Fine bilder:p

    Klemmer fra Ronja, som digger nynorskingen Mari!

    SvarSlett
  4. Nå ble jeg veldig glad! Jeg har nemlig lurt på om du ville blogge fra reisen, og nå har håpet gått i oppfyllelse. Jeg kjenner at jeg savner deg nå som jeg vet at du er så langt vekke. Ha det extrmt cool, jeg gleder meg til å følge med på bloggen:)

    SvarSlett