mandag 15. februar 2010

Do you want me to sign it "Andy Warhols brother"?



So me drog på biltur! Martyna og Max frå språkkurset og Kjellis, Hans og meg. Det er skikkeleg greit å kjenne ein italienar i nabobyen som har eigen bil! Romveninnna mi fortalde meg om noko interessant, kulturelt som me ikkje kunne la vær å oppsøka når me no ein gong er her i landet, so Martyna og eg organiserte.

Me køyrde gjennom landsbyar og litt større byar som såg ut akkurat som den aust-europeiske stereotypien ein gjerne ser for seg.



Landskapet varierer mellom slake åsar, skogar eller åkre. På denna åkeren hadde nokon parkert. Det var litt rart, for det var langt til nærmaste noko som helst anna enn motorvegen. Max foreslo at nokon skulle ha sex. Det kan godt henda, men me hadde køyrd forbi før me rakk å sjå etter Titanic-hender på vindauga.



Og etter to timar hadde me kome fram til målet for reisa: Medzilaborce og Andy Warhol-museet der. Ja! Eit Andy Warhol-museum! I ein bitteliten by 10 km frå grensa til Ukraina!




Foreldra til Andy Warhol (eller Warhola, som han opprinneleg heitte) kom frå Mikova, ein enno mindre landsby i nærleiken av Medzilaborce. Andy sjølv reiste aldri hit, men broren hans John har fortald stiftelsen bak museet at Andy var interessert, men at han diverre døydde før han drog dit.

Inne i museet fann me litt historisk bakgrunn om Andy Warhol og familien hans, nokre maleri av onkelen hans og det som eg likte best: eit rom med maleri av broren til Andy, Paul. Det beste i dette rommet var ei faksimile av eit intervju nokon hadde gjort med Paul Warhola. Det var ei sær og litt sørgeleg historie. Andy var den sykelige, litt sære ungen som fekk all mora si merksemd. Faren var mykje ute og reiste, so Paul måtte sa seg av veslebroren som ofte var sjuk, hadde "a twitch" og som ofte låg i senga. Det var Paul som lærte Andy å lage collagar og male på, og å overføre trykk til papir ved hjelp av voks.

"But I loved Andy" seier, Paul, og det er dette "but" som er sørgeleg. Og då Andy døydde byrja Paul å male sjølv. Før det var han skraphandlar og kyllingfarmar, men so tok han altså tilå mala. Og ikkje kva som helst! Nei, kyllingfarmaren lot hønene sine gå i maling og etterpå spasere rundt på lerretet. Og det er desse bileta som heng omkring i Paul-rommet i museet. Pollock-aktige hønsefot-maleri. Hvis du besøker Paul kan det henda han gjev deg eit bilete, for det seier intervjuet at han pleier. Og då kan det henda han spør "Do you want me to sign it "Andy Warhols brother"? Sørgeleg igjen!

Favoritten min blant bileta til Paul er eit fotografi av dei to brørne som barn. Det har Paul malt transparent lilla over, i breie strøk. Og langs kanten: Ei ramme av kyllingføter. Og på slutten av intervjuet innrømmer Paul at han ikkje berre bruker levende høner. I fryseboksen har han nemleg eit par avhogde kyllingføter som han bruker når han ikkje vil at hønene skal klusse i malingen. "Are you disappointed in me?" spør han. Eg er ikkje skuffa. Eg blir melankolsk og opprømt.

Og eg går vidare, til den delen som viser Andy Warhol sin eigen kunst. Eller kopiar av.


Når me var komne so langt inn i museet var eg så opprømt at eg bestemte meg for å vere rebell og ta bilete SJØLV OM DET IKKJE VAR LOV! Men bileta blei ikkje så gode, for eg turde ikkje bruka blitz. Her har tar eg bilete i eit speil av meg sjølv og jakka til Andy Warhol med suppeboksane i bakgrunnen.



Etter ein runde i museet og nokre mislykka forsøk på å posere foran Marilyn-bileta var me svoltne. Men fyrst: litt turistisk posering foran den nedsnødde Andy Warhol-fontena. Den polske, den italienske og dei tre norske på Andy Warhol-museum i Slovakia. Det er er så rart at eg berre må elske det.



Rett over gata for museet låg Penzion Andy. Sjølvsagt! Der ville me eta. KRTEK var med i veska mi, og no fekk han vere med på biletet for å gjere det litt meir interessant. Klart dei hadde ein cambell-suppeboks i menyen! Inne i menyen var det mange freistande rettar, som til dømes 10 kg heilstekt gris med "liver filling". Diverre for oss måtte dette bestillast på førehand, so me gjekk for nokre litt enklare alternativ. Det meste var fritert og med ost, og sjølv om mange av rettane heitte noko med "Andy" er eg jammen ikkje sikker på om det er mat som han ville gått god for. Men i Slovakia likar dei slikt. Mmmm, ost!



Etter maten tok me oss litt kaffi. Italienaren fekk ein espresso som han absolutt ikkje godkjende som espresso. Og på veg tilbake til bilen tok eg enno litt fleire bilete, spesielt turistisk som eg var denne dagen.





På vegen heim høyrde me på klem FM avdeling Slovakia si valentine-spesial-klissemusikk-sending. Eg prøvde å ta bilete både inne i bilen og utafor, men resultata var i beste fall "artistiske". Eg sat for øvrig på kanten av setet med kameraet klart for å ta bilete av skiltet til KUKOVA (haahahahahaa!) heile turen, men då me endeleg køyrde forbi var det for fort og for mørkt, so me får nøya oss med vissheita om dette: I Slovakia er det ein by som heiter KUKOVA. Eg fryder meg på mitt mest juvenile vis.




Og alle var einige om at det var ein fin tur.

2 kommentarer:

  1. Stakkars bror...et liv i skyggen av Andy...triste greier.

    Jeg må si jeg gruer meg litt til å bare spise mat med ost på...

    SvarSlett
  2. Du treng ikkje grua deg, søte Mette, for det går an å få mat utan ost og!

    Men eg seier som Homer Simpson: ""Where theres cheese, theres hope. Where theres MELTED cheese, theres even more hope!"

    SvarSlett