tirsdag 23. februar 2010

Stjerner i sikte.

Etter kvart har me byrja å lura på om det ikkje skjer so veldig mykje tv-nyhenda her i Slovakia kan laga reportasjer om. Heile tre gongar har me nemleg funne oss sjølv midt i "begivenhetenes sentrum", som det heiter. Den fyrste gongen me var på TV var på ein reportasje frå språkkurset (bilete ein stad inni her), der eg fnisande fortalde på slovakisk at eg heiter Mari og er frå Noreg.

Den andre gongen var me litt meir i utkanten. Det kom nokre kamerafolk og filma då praksisbarnehagen hadde utedag i snøen. Diverre veit me ikkje kva denne filminga vart til, men me blei ikkje intervjua nokon av oss, so då kan det vere den same.

Men dagen i dag må seiast å vere eit høgdepunkt i kjendistilværet. Berre sjå! Nyhendeinnslag i beste sendetid på nasjonalt fjernsyn!


Baris, vår tyrkiske reisefelle (som for øvrig gjer ein sterk figur i filmklippet her) klarte å lasta filmen ned frå internett. KUDOS for det, for då kan alle få sjå kor god eg har blitt i slovakisk! Og kor flinke me er på ski! Og kor skjønne ungane er! (Legg særleg merke til skarre-r`en til han guten som er godt innpakka i skjerf og snøbriller. Den r`en der er ikkje standard her i landet!)

Me er snart ferdige med dag 2 av skikurset med praksisbarnehagen vår. 10 ungar, 4 lærarar og 4 utvekslingsstudentar bur på 2-stjerners hotell. Lærarane har kurs i å vere ski-instruktørar, og eg må sei dei er veldig flinke. Det er veldig artig å sjå borna få stadig betre kontroll over svingane sine! Likevel må eg vedgå ein ting - det er enno artigare at eg blir flinkare til å svinga sjølv. "Ikkje plog!" seier dei til meg, og eg prøver so godt eg kan å ikkje ploga.

I dag var me i bakken 2-3 timar før lunsj, og etterpå var det "Wellness". Ahhh, Wellness! Dei er glade i dette konseptet her i landet, og det har me jammen blitt sjølv og. Heime kallar med det vel helst for "spa" - for me snakkar boblebad, ulike basseng og ulike typar sauna.

Kveldsmåltidet på hotellet i dag var ein katastrofe. Me fekk 4 bollar, men ikkje steikte. Neida, dampa eller kokte eller noko. Heilt kvite bollar med syltetøy inni, smelta smør oppå og sjokoladestrø på toppen. Det hadde kanskje vore greit med ein, som dessert eller noko. Men fire var litt i overkant, og særleg sidan me var kjempesvoltne når me sette oss til bords. Kjøtsvotne! So me gjekk til restauranten for å få i oss noko skikkeleg mat.
So no er me trøytte og gode alle saman. Og endeleg mette!

KJell Thomas ligg i senga og ser OL på dataen og eg har skrive ein litan epistel som kanskje skal havna i avisa i Presov, hvis eg forstod læraren rett. Eg skal sjølvsagt koma tilbake til det, om det visa seg å vera tilfellet! Men no skal eg prøva å få med meg det siste av UKEsjefsvalgstreaminga på stv.no.

2 kommentarer: