torsdag 18. februar 2010

Kino og ski no.

Kino?

Ski no?


Eg slår saman to kjekke hendingar til ein bloggpost. Ellers får eg vel aldri fortald om alt!

Nokon fekk kanskje med seg at det var den so kalla valentinsdagen på sundag. Martyna og eg hadde den perfekte plan: me skulle gå på Scala Kino og sjå "Vicky Cristina Barcelona". Me har vore på kino ein gong før, i det store handlesenterkomplekset MAX, der dei kun viser det siste av action, komedie og romantisk komedie frå det store landet vest for England.

Scala, derimot, mistenker eg meir for å vere ein filmklubb. Kan de sjå av biletet? Framsyninga var i ein fjong teatersal av lettare sosialistisk utsjånad. I foajeen kunne ein kjøpa seg noko å drikke, og inne i salen spelte dei romantisk, slovakisk visejazz over anlegget. Oi, sa Martyna då me hadde sett oss. Ho hadde fått program for kinoen då me kjøpte billettar, og det viste seg at Vicky & Cristina skulle vere film nummer 2 denne kvelden. Fyrst skulle me få sjå LÁSKY JEDNÉ PLAVOVLÁSKY, ein tsjekkisk film frå 1965. Utan tekst.

Martyna er polsk, og forstår ganske godt slovakisk, men ho forstod cirka null av replikkane i denne filmen. Kva skjedde no? kviskra eg, og ho svara kvar gong: "your guess is as good as mine". Likevel var det ei festleg oppleving. Hårsveisane og kleda var nesten nok i seg sjølv, i tillegg til ei rasande festleg scene (som for øvrig vara i ca ein halvtime) der 3 noko aldrande militærkarar sat ved eit bord på ein stor dans og prøvde å samla mot til å sjekka opp tre unge jenter.



Dette scenebiletet var så superfint at eg bestemte meg for å bli lovbrytar. Så blygt og tekkeleg og samstundes so vågalt!


Etter filmen var ferdig var me klare for Woody Allen og søte jenter i ein vakker by. Men neidå! Ikkje enno! Fyrst skulle me få SHOW! Ein snodig kar med bowlerhatt og tversoversløyfe snakka i mikrofon ei heil stund. Han vandra omkring i salen og prøvde å få kjærastepar til å fortelja (i mikrofonen) kor høgt dei elska kvarandre. Paret med den beste kjærleikserklæringa kunne vinna ei helg i ein eller annan by - og likevel var det ingen som ville snakka og det var superflaut. Etter denne kleine seansen kom ein politikar som me kjende att frå store valgplakatar over heile byen, og etter det var det brått konsert! To unge artistar spelte ein song kvar.



Til slutt fekk me endeleg sett "Vicky Cristina Barcelona". Eg elska den, sjølvsagt. Etter filmen gjekk me i dei slapsete gatene i Presov og snakka om kjærleiken og rastløysa og andre tema som ligg nært etter å ha sett ein slik film. Ikkje eit Gaudi-bygg i sikte på veg heim, ikkje ein einaste heftig spansk kunstnar, men mykje spanande austblokk-arkitektur og eit dormitory fylt med polske og tyrkiske utveklingsstudentar. Eg trur romansen får venta til 18. mars.

Og no til noko heilt annleis.




Dette er Doc. PhDr. Iveta Kovalčíková. Me har stadig møter med henne, ho er ein av nøkkelpersonane i å følga oss opp her nede - noko som i seg sjølv er nokså ærefylt trur eg, då ho er viserektor. Eg har inntrykk av at eit godt forhald til DMMH er viktig, og at dei difor strekk seg litt lenger for å følga oss opp. Men dagen i dag var noko meir for moro og sosialt - ho tok oss med på skitur og lunsj!




Me gjekk i ein time innover ein Askepott-skog før me snudde og gjekk tilbake. Eg hadde sjølvsagt kamera med i jakkelomma, og fekk no tatt noko brukbart i skodda.

Etter turen åt me lunsj, eg koste meg igjen med den deilige Bryndzove Halusky. Eg har kanskje ikkje fortald nærmare om denne slovakiske nasjonalretten? Vel, det får koma ein post seinare. Halusky! Mmmm, det fortener ein eigen post.



Det føltes godt å få brukt kroppen sin litt skikkeleg. Dei fleste nær meg vil vite at skigåing ikkje er noko eg driv med i særleg stor skala når eg er heime, dette var vel 4. eller 5. gongen på 10 år, men i dag kjente eg at det var skikkeleg fint. Skia me brukte var ikkje av nyaste patent (og dessutan bakglatte nok til å laga gode strekkar i låra...), og me hadde fått låna dei av sportsfakultetet på universitetet. Kovalcikova ordnar opp! I morgon skal me få rutetidene til bussen slik at me kan dra tilbake dit me var i dag hvis me har lyst å gå meir på ski. Og det kan henda det blir lurt - måndag til torsdag skal me jo på skikurs med borna. So kanskje me må legga oss i hardtrening for å visa oss som den ski-nasjonen me liksom skal koma frå?


1 kommentar:

  1. Å, hjelpes meg! Som jeg lo da jeg så den luesveisen til Hans...LOL!!!
    Jammen godt det vokser ut igjen ;op

    Jasså Mari. Ser du driver med grensesprenging i forhold til kriminalitet for tiden. Hvordan skal det ende?

    SvarSlett