mandag 8. februar 2010

HRAVO A ZDRAVO -den fyrste dagen i barnehagen


Me blir fulgt til barnehagen av Maika, som har vore både guide og lærar for oss før. Fyrsteinntrykket er ein stor og kald bygning (eg gløymde å fotografera) med den same slitte fasaden som mange, for ikkje å sei dei fleste, bygga her i byen.

Materská škôlka Jurkovičova er namnet. Me går inn, blir buzza inn den låste døra, får på oss overtrekk på skona (I morgon må me hugsa innesko!) og får koma inn på kontoret til styraren. Ho er like stæsja og flottesen som slovakiske damer i leiarposisjonar flest, og fortel oss følgande om barnehagen:

Eit av klasseromma. Alle romma er dekorert ulikt. Borna som høyrer til her var ute og aka då me var på omvisning.

Det er den største i Slovakia, med 12 klasserom og 270 born. Dei har eit "complete equipment for children", som inkludrer ein gymsal og saune (desse er betalt med private middel). Barnehagen har eit fokus på helse og røyrsle, og slagordet er HRAVO A ZDRAVO - som google translate kan fortelja tyder "leiken og sunn". I lys av dette fokuserer dei også på kosthald, og har samarbeida med til dømes mjølkeprodusenten Dannone. Kvar dag får borna 100% fruktjuice eller salat.


Dagens lunsj bestod av kyllingsuppe og dette her. Hvis dei har eit fokus på sunn mat er eg ikkje direkte imponert - dette er pasta med ost. Kanskje ikkje det mest ernæringsmessig fullverdige måltidet eg kan tenka meg. Men suppa hadde grønsaker!

Dei tek borna med på turar, også som del av denne satsninga på fysisk fostring. Om sommaren går dei til naturområde som skog, og om vinteren drar dei på 4 dagars opphald på hotell med ski- og skøyteopplæring, og "wellness". (Dette siste er eit ord eg ser fleire stader her nede, og det er noko av det me kallar for spa: sauna, basseng, boblebad etc.) Og denne turen kan me få vera med på! Du hildrande!


Slike bilete heng over alt. Imponerande nivå på barnekunsten!

Om ettermiddagane er det meir skuleaktige tilbod for dei eldste borna i tømes kunst eller engelsk, og kvar fredag er det svømming i basseng, der foreldra og kan få vere med.
Etter introduksjonen frå styraren vart me med Lucia, førskulelærar, inn på avdelingen hennar. Etter kvart har eg forstått at det dei kallar "classrooms" og "classes" i praksis er meir som det norske systemet med avdelingar og faste grupper.

Det var ein fantastisk dag i barnehagen, både Hans og eg var imponerte over det me fekk sjå: rolege og harmoniske, men leikande og tøysande born. Utetid, spanande samlingsstund: og ikkje minst masse imponerande og inspirerande kunst og pynt både av born og vaksne. No er det seint, og me må ta bussen 06.57 i morgon, so eg får fortelja meir om dagsrytme og sånt seinare. Eg er ikkje så veldig nøgd med det litterære nivået på dette innlegget, men det får stå sin prøve. Eg får koma betre tilbake ein annan gong.

Slitne, men fornøgde praksisstudentar tek seg ein kvil.

1 kommentar:

  1. Wow! Det hørtes jo kjempebra ut!
    Imponerende opplegg :o)

    SvarSlett